LAJLA STORLI
lajlastorli
  • HEIM
  • KONTAKT INFO
Picture

MUSIKK-READING-KURS
-FRÅ FOLKEMUSIKK TIL SJØLVUTVIKLING-



​Musikkens kjelde er ulik frå sjel til sjel. Menneska har ulike møter med musikkens tonar og uttrykksformer. Akkurat dette synest eg er interessant! 

Det er så mykje å bli fenga av i musikkens verd, og som høgsensitiv har eg fort vorte påvirka av mange ulike uttrykk. Det er eg glad for, men det er fint å lære seg å lytte til si eiga kjelde for å finne sin veg. 

Då eg byrja på min veg i sjølvutvikling, vart eg fort nyskjerrig på å finne mi kjelde. Skilje mellom det som kom utanfrå og innafrå. For meg var det å motta ei trygg og god reading rørande og opplysande. Fyrst då kunne eg faktisk tørre å tru på mitt eige talent, og byrje å finne mitt musikalske språk. Eg trur på at me alle er unike og saman er me gull!
​
Difor vil eg dele mine erfaringar med deg! Hjelpe deg med å komme i kontakt med di unike kjelde av musikk. 


Musikken har sin eigen visdom, og den kan brukast i mange former. Eg deler den gjennom konsertar, undervisning, kurs og innspeling. Eg er takksam for at eg får leve i musikkens verd! 


Ta kontakt på ls@lajlastorli.no for bestilling av reading/samtaleterapi, informasjon om konsert/kurs eller andre spørsmål.


Alt godt frå Lajla!
Powered by Create your own unique website with customizable templates.