LAJLA STORLI-SOLO
-Hardingfele & song-
Ein konsert der hardingfele og song får glitre i sin glans. Ei reise gjennom Hardanger sitt musikalske skattekammer. Eit personleg og ærleg møte mellom utøvar, tradisjon og publikum.

|
|
LAJLA & JOHN OLE
-Hardingfele, fele, gitar & song-
Ein konsert med sølvlaga musikk samt folkemusikk frå Hardanger & Rørosvidda.. Ein konsert der musikk og historie smeltar saman med poesi frå deira heimtrakter. Tekstar av Olav H. Hauge og Anders J. Reitan i ein folkemusikalsk framtoning.

DANSEGLEDE
Bli med på Danseglede og lær deg dansen!
Danseglede var ei gåve til alle som trong litt ekstra glede i koronatida, og ingenting gjer betre enn å dansa. Anten åleine, eller saman. Målet var at grender, byar, skular, fotballag m.m. kunne dansa Danseglede saman.
Lajla Renate Buer Storli fekk idéen til Danseglede i hausten 2020 etter inspirasjon frå BlimE-dansen til NRK.
Ho skreiv ein tekst, og melodien vart laga saman med John Ole Morken. Lajla tok så kontakt med hardingfela.no som gjerne ville vera med å spreie Danseglede.
No er Danseglede spreidd ut til inn og utland med Lajla, John Ole, Kvarts, Kåre Opheim, Berit Opheim og elevar frå Voss kulturskule. Inga Myhr og Magni Rosvold har laga koreografi og øvingsvideoar. Dansen høver godt for både små og store.
Songen Danseglede finn du på alle strøymetenester for musikk og Øvingsvideoane finn du her.

- Takk til alle involverte, til Sparebanken Vest for sponsing og til FolkOrg for samarbeid!