August 22nd, 20248/22/2024 -Hardanger er opprinnelig et fjordnavn, sammensatt av folkenavnet, norrønt hǫrðar eller adjektivet harðr, «hard», og andre ledd angr, «trang fjord»- Hardanger ein stad med kontrastar og folk som byggjer og bur under bergfall. Dei imponerer meg med si drivkraft og styrke. Dei gir aldri opp, let seg ikkje rikka av uvær, skred, vind og dårlege fruktår. Hardingen står på og lagar sider av beste kvalitet, deler landskapet med tusenvis av turistar og let alle få sjå det dei alle er i eitt med, den enorme naturen. Fossar som durar nedover, fjell med glitrande snjo, Folgefonna der sumaren aldri når opp, ein fjord som imponerer i sol og ruskevær, fruktbløming frå paradis og lokale formidlarar av musikk og historie i ypperste klasse og lokale kjendisar som satsar og byggjer nye attraksjonar me aldri hadde drøymt om! Dette er ein stor del av meg, denne staden og identiteten eg vart given. Vart fødd inn i sjøvaste «kirsebærsdalen». Hardingfelene etter oldebesten hang på veggen i gamlestova. Dei var så fine å sjå på, og når eg fekk lære å spele vart eg så stolt som ingen andre! Dette skulle eg få lov til, å lære meg lyden av fjord og fjell, sjel og virke gjennom fleire generasjonar. Som person har eg alltid vore svært livlig og glad. Humoren sit laust og eg har heile livet elska å snakke med folk. Å stå på scena å glede folk med song og musikk får hjarta til å danse, det er ein unik kontakt der musikar og publikum går i eitt. Ein kan vere med på å løfte energien i rommet, som om ljoset vert skrudd på. Likevel har eg kjent på noko som murra inni kroppen, noko som ropar om hjelp. Ein slags angst og smerte som ikkje føler seg trygg oppi alt dette. Eg har prøva å sette ord på det, men det er ikkje så lett å forstå. Dette er kanskje litt skremmande og noko ein berre skal skyve vekk. Ein må passe på så dette ikkje får styre, ikkje gå inn i det, berre gå vidare i gleda og det gode. Ein lærer å leve med så mangt, til og med denne kjensla som av og til kan ødelegge ein heil dag. Den er lammande og vond, kroppen sviktar og ein blir ein skugge av seg sjølv. Dette er ei side ein ikkje ynskjer å dele der ute, dette er ei side ein ser ned på og så går ein ut blandt folk og smiler, ler og lagar ein fasade. Eg ber om orsak for at eg ikkje alltid har vore sann der ute, eg har prøvd å passe inn i ei ramme som ikkje høver. Sanninga er at eg er ein sensitiv Hard-ing. Kroppen min reagerer så fort på stemningar og energiar. Slik er eg fødd, og slik lev eg livet mitt. Eg kan lese andre menneske, ei gåve når ein gjer det i kjærleikens teikn! I tre år gjekk eg på Soulspring eller «engleskolen» som nokon kalla den. Der fekk eg vere meg sjølv, jobbe meg inn til ei kjerne av sanning for meg. Eg fekk gode teknikkar og verktøy til å handtere sensitiviteten min. Sjølvtilliten var stor, no skulle eg ut å dele med alle der ute! Så kom raset, eg fall mange meter ned, og livet var jævlig! Katarsis kallar nokon det, den mørke natta, eller renselsen. Om du ikkje trur på englar, så kan eg iallafall fortelle deg om ein, ho heiter Solveig. Handa hennar strakk seg ut til meg, uredd og sikker tok ho imot meg. Møtte meg der eg var, lot meg fortelle, lot meg vise alle sider av meg sjølv. For ein kjærleik, for ein tolmodighet, det hende så mykje i møte med ho som berre er vårt, eg er berre TAKKSAM! Når ein er gjennom slike ting, gjer det noko med livet. Alt vert nytt og ein vert til tider litt hudlaus, ein vert fødd på ny. Frå eg var liten har eg hatt ei kjensle av at eg ikkje skal gå den strake vegen rett fram. Det er som om hjarta har prøvd å lede meg fram til ein stad eg har hatt motstand på å komme til. Ein stad der eg er heilt ærleg, meg sjølv og utan fasade. Den mest sensitive staden i meg, den som er mest utsatt for spott og spe, den staden som Hard-ingen i meg kallar for ustabil. Den andre delen av meg som ikkje har noko namn seier at det er her eg kan vere heil og sann, her finn du din kjærleik! Den tøffe Hard-ingen i meg himlar med augo, og tenkjer at dette gjer eg ikkje! No er eg redd for kva folk meiner og seier om meg, redd for at folk mistar trua på meg, at dei tenkjer at no har ho vist mista det litt. Tida me lever i er heftig! Me vert sett på prøve gong på gong, og eg kjenner at det er urå å vere berre tøff. Eg greier ikkje å finne indre ro med berre Hard-ingen bak rattet. Den delen av meg som er utan namn treng å få meir plass. Eg lyt lytte til den mjuke kjærleikkrafta, ta imot og tørre å vere sensitiv og var, vere i kontakt med ei kjerne av tillit til det åndelige og det jordiske. Då er eg sann med meg sjølv, og eg kan vere heil i møte med andre. Det er ikkje lett å vere på plass heile tida, men eg øver meg på det kvar dag. For me kan få hjelp om me tørr å åpne opp for det. Hjelp til å takle livet og utfordringane som ligg der. Me kan hjelpe kvarandre, me må tørre å sette opp våre grenser, tole kvarandre sine grenser, slutte å meine kva andre bør gjere og seie, forstå at me alle er påverka av livet, hugse på å ta vare på hjertefrekvensen vår, sjela vår og kroppen vår. Hugs på at du er ikkje berre jord, du har og ei sjel. Lytt til kva den seier deg! Den har svaret du treng og om du ikkje finn stemma di, ta imot hjelp, be om hjelp! Leit etter den staden der du er mest i kontakt med stemma di, der du føler deg påkobla og på plass. Du er meir enn konkurranse og uoppnåelige mål, du er eit vesen av ljos som kan skinne frå innerst til ytterst utan å bevise noko! Tørr å lytte til kva uroen seier deg, kanskje du treng å stoppe opp litt og ta ein anna veg? Din veg Ingen kan varda den vegen du skal gå ut i det ukjende, ut i det blå. Dette er din veg. Berre du skal gå han. Og det er uråd å snu. Og ikkje vardar du vegen, du hell. Og vinden stryk ut ditt far i aude fjell. -Olav H. Hauge- I kjærleik -Lajla Storli- Lytt gjerne på Snatam Kaur sin -Servant of Peace- den gir meg kjærleik <3
0 Comments
Leave a Reply.Skribent:Lajla Storli frå Hardanger er folkemusikar og godkjend innafor reading og healing ved Astarte Education. Ho likar å formidle frå scena samt skrive ned tankar og refeksjonar. Archives
August 2024
Categories |