August 09th, 20248/9/2024 Sjalusi, er eit ufatteleg vakkert ord. Når lyden av ordet formar seg i munnen og ut leppa, er det som ein fransk nordavind kjem susande over sletta. Iallefall når eg seier det med innlevelse og kjærleik blir det slik. Men når ordet kjem hardt og brutalt i sinne og frustasjon som f.eks «Er du sjalu eller!!», då er det hardt, ekkelt, vondt og har mista sin sjarm.
Sjalusien har vore med meg heile livet, den har dukka opp i mange ulike situasjonar. Då har eg lata som den ikkje er der og lagt lokk over den og tenkt at no må du ta deg i saman, skjerp deg, dette må du jobbe deg ut av! Ja eg kjeftar rett og slett, og dømmer meg sjølv fordi eg kjenner på den følelsen. I dag vil eg ikkje kjefte på sjalusien, eg vil opne den og sjå på den. Det første den seier til meg er: «Eg og vil», som eit lite barn som vil ha det samme som bestevennen sin. Aha, det er med andre ord ein vilje her, og det er eit fint utgangspunkt! Kva er det du vil då? Og så renn det ut av meg store draumar og tankar om kva eg ynskjer å få til i det eine og andre. Det er ikkje måte på kor mykje eg ynskjer å utrette på denne jord! Ein blir veldig ofte inspirert av kva andre gjer, og det er fint. Men ein kan fort gløyme å finne sin eigenart og stil. Det finnes ikkje noko meir irriterande enn nokon som heng på deg som ein blindpassasjer. Slik er det i musikken også. Ein finn seg eit idol, og strevar etter å bli like fantastisk. Etter ei stund oppdagar ein at dette ikkje går, ein blir ikkje slik ein skulle ynskje. Då kan ein fort bli sur, sint, lei seg og miste motet. Det er då ein kan bli sjalu. På veggen i barndomsheimen min hang der mange hardingfeler. Dette sytes eg var spanande og ville lære meg. Det som har vore så rart, er at eg har streva så lenge for å finne meg sjølv i møte med instrumentet. Det å spele fele ber med seg eit ansvar for å halde tradisjonen ved like. Med andre ord, var det nokon som langt tilbake i tid hadde ein fasit på korleis dette skulle lyde, og om ein ikkje lærde seg slåttane og historia rett, så var ein ikkje noko til spelekvinne! Gjett om eg har prøvd å halde på tradisjonen, men det har vore utfordrande! Dette er eg rett og slett ein vekst å ta. Eg har prøvd å bli som mine «læremeistrar», prøvd å følge reglar og normer i folkemusikkmiljøet, men det funkar dårleg! Mange gonger har eg sett meg ned og latt tårene trille, fordi eg ikkje får til å vere slik som dei andre. Slik er det med kvedinga også, det har vore så vanskelig å vere slik ein føler det burde vere. For å trøyste meg sjølv har eg til og med lagt skulda på miljøet, for at dei ikkje er opne nok for slike som meg. Akkurat som dei har ansvar for å ta vare på kvar einskild sjel som er innom! Sakte med sikkert har det gått opp for meg! Eg har jo min eigen måte å gjere det på. Min unike måte, som er laga for berre meg! Eg treng ikkje å vere ein kopi. Det er jo det mange av «idola» mine og har gjort, dei har gått sin eigen veg! No vil eg takka alle som har give meg både inspirasjon og motstand. Utan dykk hadde eg ikkje fått utvikla meg. Eg har lært så enormt mykje. Fått kunnskap og redskap som eg kan forvalte på min eigen unike måte. Alle har sin veg å gå. Nokon vil gå i flokk og andre vil gå solo. Alt er like fint! Det viktigaste er å finne ut kva som passar for deg. Dette betyr ikkje at eg skal melde meg ut frå alt og berre gå for meg sjølv. Eg vil stå for den eg er, la meg inspirere av andre vakre mennesker og finne min rytme i denne vakre verda. Eg vel å la meg bli forført av den franske nordavinden og danse sjalusien av meg, ein tango sjalusi! I byrjinga er eg litt spak og redd, men til slutt er eg ei raudkledd vakker tangokvinne. Ho har vore sjalu, men har dansa seg inn i ny form og stil. Den dansande tango sjalusi, har vist meg min eigenart! I kjærleik! -Lajla Storli-
0 Comments
Leave a Reply.Skribent:Lajla Storli frå Hardanger er folkemusikar og godkjend innafor reading og healing ved Astarte Education. Ho likar å formidle frå scena samt skrive ned tankar og refeksjonar. Archives
August 2024
Categories |