DET HEV EI ROSE SPRUNGE.12/25/2016 Jula er tida for konsertar, det er då alle vil kome i den rette modusen, ta inn dei vakre julesongane i kropp og sjel. Musikarane reiser land og strand for å underhalde, og det er vel noko med det finaste ein som artist får gjere. Favorittane står i kø på repertoaret, det er vanskeleg å plukke ut ein favoritt. Likevel kjem det kvart år ei salme som går djupt inn hjå meg, det er denne rosa som skal springe ut i full blom. Rosa som kjem ut av ei rot så grann. Det høyrest nesten ut som ein trong fødsel, ein stor transformasjon er det eg syng om kjenner eg. Det kjennes når ein knopp brist, ein føler seg sårbar, ekstremt følsom, litt ute av kontroll og skjør. I slike prosessar, er det fint å vere ekstra god med seg sjølv der ein er. For meg er det slik at me alle er ei rose, ei rose som skal springe ut av ei rot om ho er grann eller ikkje. Me er i endring, me veks på så mange plan, som menneske og sjeler. Det er kva jula handlar om for meg i år, den store fødselen, transformasjonen, endringa! Me er til tider små barn som blir fødd på ny, og på ny, i eit endelaust liv i skaping og endring. Dette barnet blir ei rose om me lyttar og steller det godt. Ja me grin som barnet, me er sinte som barnet, og me er glade som barnet. Lat tårene falla når dei treng det, lat latteren ljoma når den treng det, lat sinne koma i kjærleik til din utvikling og forståelse av verda. Ta ikkje ansvar for alt og alle, ta ansvar for deg sjølv og din veg. Den vegen ingen andre har varda, din veg kjære medmenneske. Finn trøyst i det som gir deg trøyst, finn glede i det som gir deg glede, finn ro i det som gir deg ro, finn visdomen inni hjarta ditt og stol på den. Hjarta har ein eigen visdom, det er der rosa spring ut frå. Rosa som er di, med din farge og din glans. Ikkje la nokon andre fortelje deg om korleis den skal eller bør sjå ut, lat den vise seg for deg i stilla. For meg kjem den når eg lyttar på denne vakre julesalmen « Det hev ei rose sprunge». Eg ynskjer å gi deg som lesar ei lita julegåve, ein innspeling av rosa med Joh Ole Morken og meg. Eg ynskjer at du lyttar på den og finn rosa i ditt hjarte. Lat den bløma og vise seg akkurat slik den er, om den er stor eller liten, raud eller gul, så er den di rose i utvikling. GOD JUL ALLE SAMAN! I Kjærleik! -Lajla Storli-
0 Comments
Skribent:Lajla Storli frå Hardanger er folkemusikar og godkjend innafor reading og healing ved Astarte Education. Ho likar å formidle frå scena samt skrive ned tankar og refeksjonar. Archives
August 2024
Categories |