KVALENS SONG5/30/2016 Det seies at blåkvalen er det største dyret som nokonsinne har levd på jorda. Den kan bli heile 34 meter lang og vekta kan komme opp i 200 tonn. Hjarta er like stor som ein bil! Kvalen likar seg langt nede i det mørke havdjupet, snakk om «der ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu!» Kvalen har sitt eige språk, den syng! Faktisk så har eg lese at det finnes ulike dialektar innafor «kvalspråket». Nokon har til og med funne ut at knølkval utafor kysten av Australia hadde endra songen sin etter eit besøk av knølkvalar frå Indiahavet. Dei hadde altså lært seg ein ny dialekt! Kvalsongen er enormt sterk, den kan samanliknast med brølet frå ein jetmotor! Men kva finnes der nede i havdjupet? Og korleis føles det å vere der nede? Kvalen veit det, den har levd der nede til alle tider. Havdjupet veit me svært lite om, der ligg eit urørt terreng. Det blir sagt at menneska veit meir om månen og planetar enn havdjupa på vår eigen klode. Når eg lyttar på kvalens song, minner den meg om mitt eige djup. Langt inni meg er det eit eige djup med urørt og vakkert terreng. Her kan eg rydde ny veg og hente ut meir potensiale som berre ventar å komme opp til overflata og sprute ut. Akkurat slik gjer kvalen det, den kjem frå havdjupet, opp til overflata og sprutar ut! Noko så herleg! Kvalen er ikkje redd for å dykke langt ned, fordi den veit at den kan svømme opp til overflata igjen. Dette er så vakkert synes eg. Vi må hugse at også vi kan komme oss opp til overflata att, sjølv om ein til tider føler ein har vore på djupt vatn. Etter ei stund, så blir ein jo imponert over at ein har turt å dykke så djupt. Og så er det slik at ein slepp å lure på kva som ligg der, fordi ein har vore der. Neste gong ein vil dykke i djupet, så kan ein vegen og veit korleis ein skal gå. Tonane frå ein kval kan bære over enorme distansar, kanskje over fleire hundre kilometer. Lyd transpoterast omlag fire gonger meir effektivt i vatn enn luft. Kroppen vår består av opptil 60% vatn, og det får meg til å tenkje på kva tonane gjer med menneskekroppen. For mitt vedkommande så er det slik at musikk og tonar går rett i kropp og sjel. Eg kjenner det vibrerar i heile meg, og forandrar sinnelaget mitt raskt og effektivt. Det er heilt utruleg! Kvalen syng meir, og fortel om frekvensar. Den fortel meg om djupe frekvensar som menneska faktisk ikkje klarer å høyre, men likevel fangar opp i kroppen. Kanskje er dette urtonar frå ei tid der jorda var i unnfangelse. Tonar som minner oss på at jorda ein gong vart fødd og skapt. Nokon meiner at det fyrste som kom var ordet, og ord for meg er tonar og lyd. Vidare kjem visdomen om å syngje frå hjartet. Frå kjærleikskrafta di skal du lage tonane, det er då dei kjem i samklang med alt. Når eg veit at kvalen har eit hjarta på størrelse med ein bil, blir eg i ekstase av å tenkje på at den driv å syng rundt om i dei sju hav. Den syng ut positive affirmasjonar til jorda, havet, menneska, dyr ja alt! Den er fantastisk, og eg kjenner meg svært audmjuk for kvalens eksistens og virke. Så ser eg tilbake til barndomen. Eg vaks opp i Kvalvik, ja du les rett KVAL-VIK. Der hadde eg min eigen scene på haugen bak huset, og song for full hals til mitt usynlige publikum. Kanskje eg allerede då ubevisst lydde på kvalens song, og lærde meg å syngje frå hjarta! I kjærleik! -Lajla Storli-
0 Comments
Skribent:Lajla Storli frå Hardanger er folkemusikar og godkjend innafor reading og healing ved Astarte Education. Ho likar å formidle frå scena samt skrive ned tankar og refeksjonar. Archives
August 2024
Categories |