Eg hugsar det som det var i går. Oppå berget bak huset i Kvalvik, der var scena! Eg stod oppå og hadde heile plenen som publikumsarena. Det var ingen å sjå der, men eg såg det, publikummet mitt! Dei strålte imot meg og jubla, og ropa meir, meir, meir! Som den stjerna eg var, gav eg dei det dei bad om, eg song frå heile hjarta og ut! Var sikker på eg var verdas største vokalist!
Kva sjanger eg var innom er eg usikker på, men at eg dikta på alle slags språk, det er sikkert! Trur eg kan seie at eg oppfant ein ny sort engelsk på den tida. Naboguten stogga ein gong han kom syklande forbi og høyrde på meg, eg ensa han ikkje. Då eg opna augo etter ein heftig arie eller noko, spurde han meg roleg; kva språk var det der? Kan hugse eg vart veldig flau, kjende rødmen steig i andletet.
Av alle ting, så vart det folkemusikken eg etterkvart heiv meg inn i, og det er vel kanskje ikkje ein sjanger ein ventar å blir popstjerne av. Divaen i meg blei lagt litt på hylla, heilt til eg såg ho; Annbjørg Lien! Herlighet for ei dame! Ho stod der med fele og nøkkelharpe og spela musikk rett inn i hjarta til alle folk. Dette var fantastisk, eg hadde aldri sett makan!
Ein gong skulle ho ha kurs i Hardanger, og eg kom på gruppa hennar. Turde nesten ikkje seie noko, fordi eg var heilt blåst av banen! Stolt og andektig tok eg imot slåtten eg lærde meg, og eg kunne reise heim med ein heilt spesiell følelse. TAKK ANNBJØRG!
Desse stjernene har eg vore så heldig å møte heile livet. Folk som har ein unik evne til å formidle musikk ut til verda på sin unike måte. Nokon har eg fått lære av, andre prata med og somme har eg opplevd på konsertar eller plater.
Eg har vore så heldig at eg sjølv har fått lov til å stråle på scena, saman med andre og heilt solo. Det er eg takksam for! Fordi dette har vore ei indre stemme frå eg var lita, eg ville på scena! Like stort er det å få eigne elevar, som kjem og vil lære. For meg er det viktig å finne deira stjernekraft, tenne den å la den lyse ut i verda. Får dei kontakt med den, kan dei stå trygt i visshet om at dette er deira unike kraft!
For det er diverre slik at i dag så kostar det meir. Ein føler ein må prestere, ha noko å fara med som dei seier i Hardanger. Det er og fort å samanlikne seg med andre, og eg har til og med opplevd at ein spelemann sa rett ut til meg; DU KAN IKKJE SPELA DU!
Då missta den vesle jenta på berget bak huset i Kvalvik krafta si, ramla av scena og vart redd. Då var det ikkje så kjekt lenger, det som var så lett, føltes som å gå på toppen av Mount Everest. Publikummet ropa, men eg greidde ikkje å gå opp. Kroppen skalv, svetten rann, hovudet svimla og tårene brast.
Plutsleg var leiken blitt alvor, alt var blitt ein konkurranse, ein måtte ha noko å fara med for å vinne. Eg skjøna ingenting, og tenkte det var vist ikkje dette eg skulle likevel.
Ein morgon vakna eg av at sola lyste inn gjennom vindauga og treff meg på nasa. Fuglane song for full hals. Dei er mange, men alle syng i, det er plass til kvar og ein av dei. Nokon syng likt andre ulikt, saman utgjer dei ein enorm heilhet av vakre tonar. Eg ville ikkje vore forutan ein einaste av dei. Hjarta mitt opnar seg fullt og heilt, og eg kjenner att den gode følelsen frå eg var lita; den spontane songen. Eg står opp og lyttar på eit arkivopptak av kulokken til Margit Lillebuen, og eg får akkurat den same følelsen. Tonen som kjem innerst frå og ut, den som ynskjer å kommunisere med dyra. Dyra svarar!
Så kjem tårene att, eg kjenner meg heime i dette landskapet. Det føles trygt å lytte på, og det er ein lokk som ingen andre kan få til slik som ho! Den er unik!
Det blir kveld, og over meg ser eg stjernehimmelen. Det er tusenvis av stjerner, nokon blinkar sterkt andre svakt, plutsleg ser eg eit stjerneskudd ri over himmelen. Eg ser ulike former og stjerneteikn, det er mystisk og flott. Så slår det meg at himmelen er vakker fordi alle stjernene får skinne i sitt ljos, og dei får ebbe ut når dei er ferdige å glitre. Dei lagar stjernehimmelen saman kvar for seg, det er vakkert det!
Og eg lærer;-)
I kjærleik
-Lajla Storli-